mandag 7. juni 2010

U-prisen til Landet under isen


Eg er alltid på jakt etter gode bøker på nynorsk som passar for elevane. I år har det kome ei som er veldig god - nemlig Landet under isen, skrive av Lars Mæhle. Boka er tjukk, men ho er svært spennande, og eg trur at mange elevar både i ungdomsskulen og i vidaregåande vil like ho. Boka fikk også den gjeve U-prisen nå nylig.

Her er eit utdrag frå boka


Eg vil seie at dette er ei blanding mellom krim og fantasy, på mange måtar minnar boka litt om "Ringenes herre" lagt til Noreg. Så for unge fantasyfantastar burde dette vere ei bok som passar dei godt.

Elles har eg i vår hatt elevar som har lesi "Saman er ein mindre aleine" av Anna Gavalda og "Nød" av Are Kalvø, og desse bøkene har også blitt godt likt av elevane. Hurra for gode bøker på nynorsk. Nå gjenstår det berre å få femåringen min hekta på Tonje Glimmerdalen.

Eg må også få reklamere for skulebiblioteket sin nye blogg! Hamar katedralskule har superbibliotekarar med eigen blogg. Her er det berre å følgje med for bok- og filmtips! Gratulerer med bloggen: http://www.superbibliotekarene.blogspot.com/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar